Gloppen Camping & Fritidssenter - ein campingplass midt i Nordfjord 

Subtitle



Vi har store heilårs hytter/ferieleiligheter med 1- 3 soverom, kjøken/stove med TV, dusj/wc og altan med utsikt over fjorden. Desse hyttene er fullt utstyrt med det du treng til sjølvhushald, også dyner og puter. Alt etter antal soverom har desse hyttene soveplass til 3-6 personar. Hyttene er frå 35 - 55m2. 4 av hyttene er tilrettelagt for rullestolbrukarar.


Vi har også hytter i mellomklasse med stove/kjøken med TV og eit separat soverom. Her er nødvendig utstyr til sjølvhushald, dyner/puter og altan med utsikt over fjorden. På desse hyttene er det soveplass til 4 personar. Frå 18 - 24 m2.

Dei heilt minste hyttene vi har er enkle, men koslige. Desse har alt i eit rom, med minikjøkken og køyesenger med plass til 2 personer.

Oppstillingsplassar for Caravan og bubil
Alt i alt har vi omlag 100 oppstillingsplassar med straumuttak. I tillegg har vi ca 20 plassar utan straum. Sjølv om vi har mange caravanar med sesongplass har vi sjeldan måtte avvise gjester. Plassen har eit areal på ca 40 mål.

Teltplass
Fint område til telt inne i furuskogen langs stranda.