Gloppen Camping & Fritidssenter - ein campingplass midt i  

Subtitle

Servicetilbod

Resepsjon: Der finn du kiosk og enkel butikk. Vi sel enkel fastfood som pommes frites, pølse m/brød og pizza.

Informasjon:
I resepsjonen finn du òg turistinformasjon, brosjyrer og plakatar, og det er berre å spørje om du lurer på noko!

Vaskerom/kjøken:
Gjestane på Gloppen Camping har tilgang til vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, polletar får du kjøpt i resepsjonen. Det er fri bruk av felleskjøkenet.

Sanitæranlegg:
For dei som bur i hytter uten dusj og toalett, har vi to sanitæranlegg som kan nyttast. Til dusjautomaten brukar du tiarar (10kr).
Sanitæranlegget er tilrettelagt for rullestol.

Leige: Det er moglegheit for leige av sengkle, 75,- per sett og handkle, 10,- per stk.

Grilling: På området finn du ein kosleg grillplass, og eit lite grillhus. Ta kontakt med resepsjonen om du ynskjer å bruke grillhytta! I tillegg fins der nokre kulegrillar som kan nyttast.

Tømmestasjon:
På plassen fins det tømmestasjon.

Trådlaust internett:
Vi har eit trådlaust nettverk som dekker heile plassen. Dette gjer det moglig å koble seg opp mot internett med ei bærbar maskin, dette er inkludert i prisen for å bu på campingen.

Vakthald: Campingplassen er overvaka av Norsk Vakt Byrå (NVB) som har fast vaktrute nattestid.

Vi ynskjer å gjere opphaldet så hyggeleg som mogleg, slik at våre gjestar har lyst å kome tilbake.